Øving i leikarringen tysdag 27.10 kl. 19:30

Det er øving i leikarringen i morgon tysdag 27.10 kl. 19:30
Anne Marie skal leia oss i songar frå «Klara Semb – Norske folkedansar – songdansar» – ta med boka om du har.

For at me skal møtast til øving så er det no krav om at alle melder seg på før dei kjem. Ann Cathrine tar imot påmeldingar på telefon 47 66 21 36 – sms er fint.

Blir det fleire enn 20 som kjem, så må me delast i grupper, då 20 er største talet i ei øvingsgruppe. Me må og sette ut stolar til alle før øvinga, slik at det er stolar til alle med god avstand. Me nyttar heile salen så det er god plass.

Ta med drikkeflaske med vatn- det er lurt når me syng mykje.

Pause med kaffi/te og kake vert det og.
Ekstra i morgon: Vibå kjem inn frå øvinga deira og spelar for oss etter pausen.
Ta med sko til å danse i, så får me bevega oss litt – berre aleine, men likevel saman.

Vel møtt til alle.
Leikarringen
v Bjarte

Nytt frå BUL

Vel overstått sommar, koronafri for dykk alle får me vone.

Men dette viruset herjar framleis, og gjer at me ikkje kan ha full aktivitet.  Me har sett oss nøydde til å avlyse handverksmessa dette året, noko som heldigvis messedeltakarane har hatt full forståing for.  Om me skulle freiste å ha messa, ville det vera med så mange restriksjonar  at det ikkje ville vera teneleg korkje for oss eller for handverkarane.

Frå leikarringen ved Bjarte har me fått denne meldinga. Leikarringen startar opp tysdag 18. august med songkveld. Hugs smittevernreglane når de kjem.
Fyrste kvelden blir det songøving / songkveld med Inger og Magne.

Korona kansellering!

Etter tilrådingar frå Stavanger kommune, har styret i samråd med leikarrinen bestemt at danseaktivitetar/leikøvingane vert kansellerte fram til påske. Når det gjeld Fuglen-samlinga siste helga i mars, er dette eit arrangement som dei sjølve står for, og me berre er teknisk medhjelpar (hus og matsal), men me vil oppmode dei om å avlyse dette.

Til orientering har og Klepp leikarring og Sandnes folkedaslag sløyfa sine øvingar.. Visstnok og Kom og Dans.

Med helsing
Bondeungdomslaget i Stavanger