Kva skjer?-kurs

Frivillighetsprisen 2022

Daghild (87), Ragnhild (80) og Eli (78) kan vinne Frivillighetsprisen – har jobba frivillig i 40 år

Dei tre Heidersmedlemmene i BUL Daghild Håvardsholm (87), Ragnhild Ulland Ødegaard (80) og Eli Olsen (78) har alle tre jobba frivillig i bunadsnemnda i Rogaland i om lag 40 år. No er dei blant seks finalistar i Frivillighetsprisen, blant 504 nominerte. Om mange nok stemmer på dei, kan dei derfor gå av med sigeren.
– Juryen har ut frå rekordmange nominasjonar vald ut seks sterke finalistar til den nasjonale Frivillighetsprisen 2022. I år markerer vi Frivillighetens år, og da blir det ekstra stas å få dele ut Frivillighetsprisen på Frivillighetens dag 5. desember, seier generalsekretær i Frivillighet Norge, Stian Slotterøy Johnsen.

No er dei òg inviterte til gjestebod på Skaugum den 16. november, saman med 60 andre frivillige, da Hans Kongelige Høyhet Kronprins Haakon er høg beskyttar av frivilligåret.
Har revidert bunadar og halde sykurs frivillig i 40 år

Dei tre damene har sidan 1980-talet utgjort kjernen i Bunadsnemnda i Rogaland Ungdomslag, som er del av Noregs Ungdomslag. I denne perioden på 40 år, har dei gjennom nøye arbeid og undersøkingar revidert mannsbunaden for Rogaland og rekonstruert kvinnebunaden for Ryfylke, begge for både vaksne og barn. Dette har dei gjort i samarbeid med Norsk Institutt for bunad og folkedrakt (NBF).
Etter å ha revidert og rekonstruert bunadane, har dei gjennom desse 40 åra òg halde utallege kurs i korleis ein kan sy bunadane for hand, både for eldre og yngre kursdeltakarar. Daghild har ikkje tal på kor mange kurs det har vorte gjennom åra, men mange er det.

Den høge alderen til trass- det kan sjå ut til at damene berre blir meir aktive og kursa deira meir ettetrakta ettersom åra har gått. Og yngre kursdeltakarar har komme til, noko dei synest er veldig kjekt. Det har vore mykje arbeid, men dei nominerte damene synest at det frivillige arbeidet gjennom alle åra har gitt dei mykje.
– Vi har jo fått mykje igjen for det sjølve òg. Vi blir jo kjende med mange andre vi ikkje ville blitt kjende med ellers.
Stem fram ein vinnar
Generalsekretær i Frivillighet Norge, Stian Slotterøy Johnsen, er svært nøgd med og imponert over dei seks finalistane som er igjen i konkurranse om sigeren.
Og oppmodinga frå Rogaland Ungdomslag og Bondeungdomslaget i Stavanger er klar:

– Stem på desse flotte bunaddamene via https://frivillighetensdag.no/frivillighetsprisen  til og med søndag 27. november for det verdifulle arbeidet dei har gjort og framleis gjer! Dei er ikkje så opptatte av merksemd sjølve, men dette har dei jammen fortent!