Alt avlyst ut året!

Koronasituasjonen forverra i november
Både konserten med Majorstuen og teaterframsyninga er avlyst.
Nye smittevernreglar for Stavanger, Sola og Sandnes frå 10. november:
Forbud mot fritidsaktiviteter for voksne over 20 år i grupper med flere enn 10
personer. Forbodet gjelder også grupper under 10 personer, hvis 1-metersregelen
ikke kan overholdes.

Leikarringen avlyser all aktivitet ut året. Romjulstreff/dans med Vibå blir og avlyst.
Teaterlaget har avlyst sine øvingar.

Program for våren 2021
Leikarringen vil legge plan for våren på sitt styremøte tirsdag førstkommande.
Kunnskapstevlinga Kven veit kan vere aktuelt som ein aktivitet i laget.
Teaterlaget vil ikkje ha framsyning til våren, men vil prøve å ha nokre øvingskveldar.
Årsmøtet håper vi kan haldast ved personleg frammøte, men blir kan hende digitalt. Me må vera minimum 20 for å vera vedtaksføre på årsmøtet.

Så får me berre vone på betre tider over nyåret
Med helsing
Bondeungdomslaget i Stavanger

Øving i leikarringen tysdag 27.10 kl. 19:30

Det er øving i leikarringen i morgon tysdag 27.10 kl. 19:30
Anne Marie skal leia oss i songar frå «Klara Semb – Norske folkedansar – songdansar» – ta med boka om du har.

For at me skal møtast til øving så er det no krav om at alle melder seg på før dei kjem. Ann Cathrine tar imot påmeldingar på telefon 47 66 21 36 – sms er fint.

Blir det fleire enn 20 som kjem, så må me delast i grupper, då 20 er største talet i ei øvingsgruppe. Me må og sette ut stolar til alle før øvinga, slik at det er stolar til alle med god avstand. Me nyttar heile salen så det er god plass.

Ta med drikkeflaske med vatn- det er lurt når me syng mykje.

Pause med kaffi/te og kake vert det og.
Ekstra i morgon: Vibå kjem inn frå øvinga deira og spelar for oss etter pausen.
Ta med sko til å danse i, så får me bevega oss litt – berre aleine, men likevel saman.

Vel møtt til alle.
Leikarringen
v Bjarte

Nytt frå BUL

Vel overstått sommar, koronafri for dykk alle får me vone.

Men dette viruset herjar framleis, og gjer at me ikkje kan ha full aktivitet.  Me har sett oss nøydde til å avlyse handverksmessa dette året, noko som heldigvis messedeltakarane har hatt full forståing for.  Om me skulle freiste å ha messa, ville det vera med så mange restriksjonar  at det ikkje ville vera teneleg korkje for oss eller for handverkarane.

Frå leikarringen ved Bjarte har me fått denne meldinga. Leikarringen startar opp tysdag 18. august med songkveld. Hugs smittevernreglane når de kjem.
Fyrste kvelden blir det songøving / songkveld med Inger og Magne.

Påskehelsing frå BUL-styret

Gode medlemer.

Ja, det vart ein underleg BUL-vår. Takka vere denne vesle «turisten» som heiter korona, kom til oss i mars, har alt endra seg. Han førde til at all aktivitet, også i BUL, måtte leggast i dvale. Enno veit ingen kva tid me kan byrje å ha normal aktivitet att i huset vårt. Kan hende må alt vera stengt enno nokre månader framover. Det var mykje spanande som skulle gå føre seg no framover, både i laget og i dei nærskylde laga. 100-årsjubileet til Rogaland mållag skulle markerast med stor fest. Avlyst. Fuglen-samlinga no med helga: Avlyst. Årsmøta i fylkes- og landslaga: Avlyste, men nokre blir freista gjennomførde via telefonmøte.

Er og redd for at teaterframsyningane i mai, og festen 17. mai må avlysast. Me får i så fall vone at alt er tilbake til det normale når hausten kjem. I mellomtida vonar me at de alle unngår å bli smitta.

Påska vert og spesiell i år, med heimepåske for oss alle. Sjølv om snøen lokkar på vidda, er det fy – fy å reise på hytta for å bu der i påska. Så me må nok utforske nærmiljøet vårt. Her er mykje spanande å finne. Mange som no finn nye stader dei kan utforske til fots eller på sykkel. Og hagen lokkar med ein vår som er på veg.

Me vil ønskje alle medlemene våre ei god påske.

Med helsing
Bondeungdomslaget i Stavanger

Korona kansellering!

Etter tilrådingar frå Stavanger kommune, har styret i samråd med leikarrinen bestemt at danseaktivitetar/leikøvingane vert kansellerte fram til påske. Når det gjeld Fuglen-samlinga siste helga i mars, er dette eit arrangement som dei sjølve står for, og me berre er teknisk medhjelpar (hus og matsal), men me vil oppmode dei om å avlyse dette.

Til orientering har og Klepp leikarring og Sandnes folkedaslag sløyfa sine øvingar.. Visstnok og Kom og Dans.

Med helsing
Bondeungdomslaget i Stavanger

Jakten på julesnøen

Den nye teatergruppa vår har hatt ein aktiv haust, og er snart klar med første framsyning. Laurdag 7. og søndag 8. desember kl 16:00 inviterer dei til familiestykket Jakten på julesnøen.
Set av datoane allereie no.
Sjå og meir på facebook, Stavanger amatørteater