Kva skjer?-kurs

Avlyst konsert 28. november.
Ja, det er mangt som skjer no i desse koronatider. Me fekk nett denne melding frå «Majorstuen» at dei måtte avlyse konserten som skulle vore 28. nov..
Det var triste nyheiter for oss med dei nye reiserestriksjonane. Som du sikkert veit er vårt eine Majorstuen-medlem svensk. På grunn av andre oppdrag i Sverige greier han ikkje å kome til Noreg 10 dagar før konserten i Stavanger. Me er i vårt siste år, og med heilt nytt repertoar blir det ikkje aktuelt å byrje med opptrening av ein vikar, og me må difor avlyse. Beklager dette så mykje!

Er det mogleg å finne ein ny dato for våren 2021? Me har planar om turné i veke 11 t.d. Då kan ein konsert i Stavanger vere mogleg t.d. laurdag 20. mars. (Me spelar i Hardanger søndag og Bergen mandag, så det kan ligge nokonlunde greit i ei turnérute sånn praktisk-geografisk).

Med helsing
Bondeungdomslaget i Stavanger