Aktivitetar 2021

Gode medlemer.
Så er dette koronaåret snart over, med store endringar for oss i laget. Det aller meste måtte avlysast i år på grunn av smittevernreglane. Og det ser ut til at dette og vil vare til utpå våren neste år ein gong. Vonar at vaksinen som er på veg kan rette litt på dette.
Så til programmet for komande vår.

Årsmøta:
Teaterlaget har sitt torsdag 28. januar
Leikarringen tysdag 2. februar
Laget har årsmøte 23. februar.
Sakliste vert sendt ut seinare, men valnemnda må nok aktiverast snart. Vonar du ikkje seier nei til eit verv om du blir spurd.

Aktivitetsplan. (sjå og vedlegg)
Teaterlaget har laga til ein julekalender på FB med ny luke kvar dag fram til jul. Det vert inga vårforestilling, men tida vert nytta til å førebu juleforestilling neste år.
Leikarringen vil freiste å ha same opplegget som no i haust, med songkveldar og linedans, og ein huskonsert.
Laget har forutan årsmøtet ikkje planlagt noko anna en 17.maifesten, og så vil me og freiste å få med nokon på «Kven veit»-tevlinga i NU.

«Kven veit». Temaet dette året er NU sitt 125-årsjubileum. Vil du bli med på denne tevlinga, så må de danne grupper på 5 personar. Send melding til Anne Marie Nerby om du vil bli med på dette: anne.nerby@lyse.net, innan 15. januar.
Meir om tevlinga finn de på NU-sidene http://www.ungdomslag.no/kva-skjer/artikkel/pamelding-kven-veit-2021/
Laget betalar påmeldingsavgifta.

Så vil me få ynskje dykk alle ei god julehelg, og seie vel møtt neste år