Handverksmessa

Handverksmessa i Siddis-stova 2020 avlyst

Gode messedeltakarar.

Me må diverre avlyse messa dette året. No har styreamaktene innskjerpa reglane for større arrangement, og det er lite truleg at dei vil lette på desse i år. Me har spurt oss føre, og det inntrykket me sit att med er at om me skulle kunne ha messa, vil det vere med så store restriksjonar at det ikkje vil vere tenleg korkje for oss eller dykk.

Ingen kafedrift

Besøkande berre i puljer på maks 20 personar, og ein strengt ordna kø utfor. Dette vil då seie svært få som kan handle hos dykk. Noko som de ikkje er tente med.

Krav om minst 1 meters avstand mellom både seljarar og kjøparar.

Så i staden for å avlyse berre dagar før messestart, gjer me det no i god tid slik at de ikkje førebur dykk til fånyttes.

Men me vonar på betre tider neste år, og satsar på ny messe då, tredje helga i november.

Med helsing

Messenemnda i Bondeungdomslaget

 

——————————————————————–

 

Gode messedeltakarar.

Mange lurer på om det vert messe i år sidan koronaviruset herjar. Me satsar på å få ha messa, og dei som er interesserte i å delta i år også, kan melde seg på som interesserte. Når alt er avklara, sender me ut rekning for plassen du ønskjer. Prisen er som tidlegare kr. 500,- pr modulplass. For påmelding bruk enten nettpåmeldingsskjemaet du finn på denne nettadressa . http://bulstavanger.no/handverksmessa/  eller du kan sende oss ein epost til bul.stav@gmail.com med desse opplysningane:

Namn.

Adresse

Tlf.nr.

e-postadresse

Kva du  sel/lagar

Kor stor plass du ønskjer. Kvar modul er på 1,20 m.

Om du treng straum.

Messa er open for publikum (gratis inngang)
laurdag 14. og søndag 15. november 2019 klokka 11:00 -16:00

 

  

Fotoalbum for 2017 finn du på Facebook her: http://facebook.com/handverksmessaibul

Ønskjer du å selje produkta dine?

Lagshuset vårt, Siddis-Stova, ligg i Rektor Oldensgt. 17 på Tjensvoll/Lassa ved Stavanger Forum sitt messeområde, Siddishallen. Handverksmessa vår vert i hovudsalen som er omlag 360 m2 stor. I dei tilstøytande lokala vil det bli kafèdrift med matservering (også varm mat).

Me gjer messa kjend ved annonser i lokalavisene i Stavanger og omland, og med
utdeling av flygeblad og plakatar rundt i distriktet.

Påmeldingsavgift kr. 500. Dette inkluderer ein grunnmodul (bord) på 1,2 meter lengde. Ønskjer du større plass, kostar kvar tilleggsmodul på 1,2 meter kr. 500,- Det vil og vera enten fast vegg eller skiljeveggar ved dei fleste plassane. Andre særskilde ønskje må førast opp i
påmeldingsskjemaet.

Påmelding og betaling av messeavgifta snarast. Påmeldingsskjema finn du under.

Me ønskjer ei størst mogleg breidde på utvalet, så er det mange med same varegruppe som ønskjer plass, gjeld først-til-mølla regelen.

Fredag 13. november 2019
Utstillarane rigger til frå klokka 1700.

Kafé, handverksprat og handel…
Gratis inngang for besøkande
Døgnvakt i huset heile helga
Breidde og kvalitet

 

Du kan også påmelde deg på messen med et elektronisk skjema.
Påmelding til handverksmessa