Søndagsdans 13. oktober 19:30

Det blir søndagsdans i Siddisstova 13. oktober kl. 19:30. Det er Sydvesten som spelar.
Det blir rundans og turdans heile kvelden. Litt å bite i, og kaffi vert det og.
Ingangspengar kr 150.

Messa er no fulltekna

No er alle borda/plassane for utstillarar bestilt, så det er ikkje mulig å melde seg på lenger.
Takk til alle som har meldt seg på. No er det berre å glede seg til messa i noember.

Haustprogrammet er klart

Programmet for hausten er no lagt ut på nettet. sjå under «Plan for BUL Stavanger».

Øvingane i leikarringen starta 20. august, så det er berre å finne fram dansesko og kome på øvingane framover.

Handverksmessa 2024

Det vert handverksmesse i Siddisstova 16-17 november. For utstillarar: Påmelding på epost til bul.stav (at) gmail.com. Me har desverre ikkje noko web skjema å melde seg på med denne gongen.

Handverksmessa

Messenemnda melder at det er berre 6 ledige modulplassar att for messa i november.
Dei som tenker på å vera med må ikkje vente for lenge med å melde seg på

Gorrlaus og Fuglen på Tou loftet fredag 15 september

Gorrlaus inviterer:

Fredag 15.september blir det Kjetil Myhren og Syver Rolandsgard på Tou loftet.

Etter denne konserten blir det dans utover kvelden i samarbeid med Fuglen.

Det vert også Fuglen-samling/dansekurs for ungdom frå 13-25 fredag 15 og laurdag 16. september i Siddisstova.

Frivillighetsprisen 2022

Daghild Håvardsholm (87), Ragnhild Ulland Ødegaard (80) og Eli Olsen (78) er dei blant seks eksklusive finalistane i Frivillighetsprisen, blant 504 nominerte.

Damene har i 40 år jobba frivillig gjennom Bunadnemnda i Rogaland Ungdomslag, og har rekonstruert og revidert bunadar frå 1700- og 1800-talet. I alle desse åra har dei også halde utallege kurs i å sy bunad for hand, heilt gratis, berre lønt av eige engasjement og gleda over å lære vidare til andre og å bli kjende med folk. Kursa blir berre meir og meir populære. Onsdag 16. november er damene også inviterte på Skaugum, som representantar for det frivillige arbeidet i Frivillighetens år 2022.

Ytterligere informasjon finner du under fanen Kva skjer, eller ved å følge «linken» http://bulstavanger.no/kva-skjer-kurs/

– Stem på desse flotte bunaddamene via https://frivillighetensdag.no/frivillighetsprisen til og med søndag 27. november for det verdifulle arbeidet dei har gjort og framleis gjer! Dei er ikkje så opptatte av merksemd sjølve, men dette har dei jammen fortent!

Klikkar du på «linken» vil du få pressemeldingen opp i pdf-format (Adobe reader-format)
Pressemelding frivilligprisen

HANDVERKSMESSE

Laurdag 19.11. kl. 11 – 16 og søndag 20.11. kl. 11 – 16
i Siddis-stova, Rektor Oldensgt. 17, Stavanger
(Mellom Turnhallen og St. Svithun vidaregåande skule vis-a-vis SiddIshallen)
Handverksmessa i BUL

17.maifest

Vibå speler til dans og me syng nasjonalsongar. Menyen er som vanleg rømmegraut m/ spekemat. Iskake til dessert.
Viss me er heldige, vert det underhaldning
Pris: 200 kr. Me tek vipps og kontantar.

Jubileumsfest Laurdag 23.10

NOREGS UNGDOMSLAG 125 ÅR – SIDDIS-STOVA 25 ÅR

Kvelden startar med bordsete og varm mat kl. 19.
Vi satsar på at det er lov å danse – og Vibå spelemannslag speler opp.
I tillegg vert det swing og linedans – med ev eit crashkurs.
Om vi ikkje får danse, vil Vibå spele ein konsert for oss.
Stavanger Amatørteater vil syne delar frå eige stykke dei arbeidar med.
OG – sjølvsagt blir det historiske tilbakeblikk.

Alt dette får du for kr. 250 (VIPPS eller kontant ved inngangen).

Påmelding innan 15. oktober til

Anne Marie Nerby – epost: anne.nerby@lyse.net

eller SMS mobil 92287911

Vi ønsker hjerteleg velkommen til ein flott festkveld og oppmodar
deg til å ta på bunaden!
Helsing BUL Stavanger

Bunadseminar

30. september kl 18-21
Siddis-stova, Stavanger
Mer om prosjektet “Bunadbruk til UNESCO” finner du på: www.bunadbruk.no

Scann QR-koden for påmelding til møtet. Alle som ønsker å delta, må melde seg på i forkant.
(du finner påmeldingsskjemaet her om du får til å bruke QR-koden over)
Eller!

Har du lyst å snakka om bunad den 30.9 i SiddisStova kl 18, men synes QR-koden er problematisk. Då sender du bare ei melding til meg på grimstvedt25@gmail.com. Så blir påmeldinga ordna.

Fint å vita kor mange som kjem, før dagen er her.

Målfrid Grimstvedt

.

bunadseminar