Frivillighetsprisen 2022

Daghild Håvardsholm (87), Ragnhild Ulland Ødegaard (80) og Eli Olsen (78) er dei blant seks eksklusive finalistane i Frivillighetsprisen, blant 504 nominerte.

Damene har i 40 år jobba frivillig gjennom Bunadnemnda i Rogaland Ungdomslag, og har rekonstruert og revidert bunadar frå 1700- og 1800-talet. I alle desse åra har dei også halde utallege kurs i å sy bunad for hand, heilt gratis, berre lønt av eige engasjement og gleda over å lære vidare til andre og å bli kjende med folk. Kursa blir berre meir og meir populære. Onsdag 16. november er damene også inviterte på Skaugum, som representantar for det frivillige arbeidet i Frivillighetens år 2022.

Ytterligere informasjon finner du under fanen Kva skjer, eller ved å følge «linken» http://bulstavanger.no/kva-skjer-kurs/

– Stem på desse flotte bunaddamene via https://frivillighetensdag.no/frivillighetsprisen til og med søndag 27. november for det verdifulle arbeidet dei har gjort og framleis gjer! Dei er ikkje så opptatte av merksemd sjølve, men dette har dei jammen fortent!

Klikkar du på «linken» vil du få pressemeldingen opp i pdf-format (Adobe reader-format)
Pressemelding frivilligprisen