17. maifest i Siddisstova

Det er med stor glede vi i år innbyr til tradisjonell 17. maifest i Siddisstova
Rektor Oldens gt. 17 i Stavanger

Vibå spelar til dans og vi syng nasjonalsongar
Menyen er som vanleg rømmegraut med spekemat og iskake til dessert.
Om vi er heldige, vert det ei lita underholdningsøkt også.

Festen startar kl. 19:00 og kostar kr 250.

Vi ber om bindande påmelding innan 1. mai til post@bulstavanger.no eller SMS 91305438

Vi tek kontantar og VIPPS

Søndagsdans 30. mars 2025

Velkommen til en svingom med Sydvesten i Siddistova Rektor Oldens gt 17, mars kl. 19.30.
Det vert både gammaldans, turdans og ringdans.
Inngang kr. 150 Vipps eller kontant. Det vert servert kaffe og noe attåt i pausen.

Søndagsdans 13. oktober 19:30

Det blir søndagsdans i Siddisstova 13. oktober kl. 19:30. Det er Sydvesten som spelar.
Det blir rundans og turdans heile kvelden. Litt å bite i, og kaffi vert det og.
Ingangspengar kr 150.

Messa er no fulltekna

No er alle borda/plassane for utstillarar bestilt, så det er ikkje mulig å melde seg på lenger.
Takk til alle som har meldt seg på. No er det berre å glede seg til messa i noember.

Haustprogrammet er klart

Programmet for hausten er no lagt ut på nettet. sjå under «Plan for BUL Stavanger».

Øvingane i leikarringen starta 20. august, så det er berre å finne fram dansesko og kome på øvingane framover.

Handverksmessa 2024

Det vert handverksmesse i Siddisstova 16-17 november. For utstillarar: Påmelding på epost til bul.stav (at) gmail.com. Me har desverre ikkje noko web skjema å melde seg på med denne gongen.

Handverksmessa

Messenemnda melder at det er berre 6 ledige modulplassar att for messa i november.
Dei som tenker på å vera med må ikkje vente for lenge med å melde seg på

Gorrlaus og Fuglen på Tou loftet fredag 15 september

Gorrlaus inviterer:

Fredag 15.september blir det Kjetil Myhren og Syver Rolandsgard på Tou loftet.

Etter denne konserten blir det dans utover kvelden i samarbeid med Fuglen.

Det vert også Fuglen-samling/dansekurs for ungdom frå 13-25 fredag 15 og laurdag 16. september i Siddisstova.