Handverksmessa

Messeplakat

Gode messedeltakarar.
Med atterhald at ikkje koronasituasjonen tilseier noko anna ønskjer Bondeungdomslaget i Stavanger
vel møtt til handverksmesse i ”Siddis-stova”. Prisen er som tidlegare kr. 500,- pr modulplass.
Innbyding
Påmeldingsskjema

For påmelding bruk enten nettpåmeldingsskjemaet du finn lenger nede på denne sida, eller du kan sende oss ein epost til bul.stav@gmail.com med desse opplysningane:

Namn.

Adresse

Tlf.nr.
e-postadresse
Kva du sel/lagar

Kor stor plass du ønskjer. Kvar modul er på 1,20 m.
Om du treng straum.

Messa er open for publikum (gratis inngang)
Og messa vert som før 3. helga i november – 18. – 19.

 

  

Fotoalbum for 2017 finn du på Facebook her: http://facebook.com/handverksmessaibul

Ønskjer du å selje produkta dine?

Lagshuset vårt, Siddis-Stova, ligg i Rektor Oldensgt. 17 på Tjensvoll/Lassa ved Stavanger Forum sitt messeområde, Siddishallen. Handverksmessa vår vert i hovudsalen som er omlag 360 m2 stor. I dei tilstøytande lokala vil det bli kafèdrift med matservering (også varm mat).

Me gjer messa kjend ved annonser i lokalavisene i Stavanger og omland, og med
utdeling av flygeblad og plakatar rundt i distriktet.

Påmeldingsavgift kr. 500. Dette inkluderer ein grunnmodul (bord) på 1,2 meter lengde. Ønskjer du større plass, kostar kvar tilleggsmodul på 1,2 meter kr. 500,- Det vil og vera enten fast vegg eller skiljeveggar ved dei fleste plassane. Andre særskilde ønskje må førast opp i
påmeldingsskjemaet.

Påmelding og betaling av messeavgifta snarast. Påmeldingsskjema finn du under.

Me ønskjer ei størst mogleg breidde på utvalet, så er det mange med same varegruppe som ønskjer plass, gjeld først-til-mølla regelen.

Fredag 17. november 2023
Utstillarane rigger til frå klokka 1700.

Kafé, handverksprat og handel…
Gratis inngang for besøkande
Døgnvakt i huset heile helga
Breidde og kvalitet

 

Du kan også påmelde deg på messen med et elektronisk skjema.
Påmelding til handverksmessa

——————————————————————–