Påskehelsing frå BUL-styret

Gode medlemer.

Ja, det vart ein underleg BUL-vår. Takka vere denne vesle «turisten» som heiter korona, kom til oss i mars, har alt endra seg. Han førde til at all aktivitet, også i BUL, måtte leggast i dvale. Enno veit ingen kva tid me kan byrje å ha normal aktivitet att i huset vårt. Kan hende må alt vera stengt enno nokre månader framover. Det var mykje spanande som skulle gå føre seg no framover, både i laget og i dei nærskylde laga. 100-årsjubileet til Rogaland mållag skulle markerast med stor fest. Avlyst. Fuglen-samlinga no med helga: Avlyst. Årsmøta i fylkes- og landslaga: Avlyste, men nokre blir freista gjennomførde via telefonmøte.

Er og redd for at teaterframsyningane i mai, og festen 17. mai må avlysast. Me får i så fall vone at alt er tilbake til det normale når hausten kjem. I mellomtida vonar me at de alle unngår å bli smitta.

Påska vert og spesiell i år, med heimepåske for oss alle. Sjølv om snøen lokkar på vidda, er det fy – fy å reise på hytta for å bu der i påska. Så me må nok utforske nærmiljøet vårt. Her er mykje spanande å finne. Mange som no finn nye stader dei kan utforske til fots eller på sykkel. Og hagen lokkar med ein vår som er på veg.

Me vil ønskje alle medlemene våre ei god påske.

Med helsing
Bondeungdomslaget i Stavanger