Folkedanskveld på Garborgsenteret 6. desember kl 19.30.

Bondeungdomslaget (BUL) i Stavanger inviterer til Folkedanskveld på Garborgsenteret 6. desember kl 19.30.

Vibå Spelemannslag speler opp til kjente og kjære runddansar og turdansar som me kan svinga oss til. Hulda Garborg var den første omreisande folkedansinstruktøren i Noreg. Me synst derfor at det er ekstra gildt at me kan arrangere folkedanskveld hos oss.

Folkedanskveld